«Læring i Næring» er eit prosjekt som gjer det mogleg for elevar på 10. trinn å søke seg jobb hos ulike verksemder i Nordhordland. Skuleåret 2024/2025 starta vi eit pilotprosjekt for elevar ved Radøy ungdomsskule og Årås skule. For skuleåret 2025/2026 vil prosjektet bli utvida til fleire kommunar.
Gjennom programmet vil du bli meir kjend med korleis du les stillingsannonsar, korleis du skriv jobbsøknader, du får vere med på ein intervjuprosess og er du heldig vil du kanskje få tilbod om jobb!
Målet er at dette skal gjere det enklare for deg å vite kva du vil søke deg vidare på etter ungdomsskulen, i tillegg til at det skal gjere deg meir kjend med arbeidslivet.
Trinn 1: Bli kjend med bedriftene og søknadsskjema
Under første informasjonsdag kjem vi til skulen for å presentere prosjektet og dei ulike verksemdene som er med og som ein kan søke til. Bruk gjerne lenkene nedanfor for å lære meir om korleis du skriv ein god søknad.
Trinn 2: Intervju og mogleg praksisplass
Søk til dei verksemdene du er interessert å jobbe i. Stillingsannonsa og skjema som du søker i finn du ved å klikke på logoen til verksemdene nedanfor. Det er berre å sende inn søknad etter kvart som du er klar, siste frist er 20. september.
Etter søknadsfristen vil verksemdene kalle inn ungdommar til intervju. Med utgangspunkt i dette kan bedriftene tilby nokre av søkarane praksis. Dei som får tilbod om praksisplass vil då få ein eigen arbeidsavtale av verksemda.
Det er viktig å hugse på at ikkje alle vil få praksisplass! Å øve seg på å skrive søknad og å vere på intervju vil likevel gjere at du får kunnskap og erfaring som du kan ta med deg neste gong du vil søke.
TIDSPLAN:
Informasjonsmøter på skulane i veke 36
Send søknad til verksemda du ønsker å jobbe for i veke 37/38
Bedriftene kallar inn kandidatar til intervju i veke 39
Bedriftene foretar tilsetting i veke 40
Ungdommane jobbar i haustferien og vinterferien
Bedrifta skriv ut attest i etterkant
Nyttige lenker
Informasjon om å søke jobb for første gong
Informasjon om korleis du søker om frikort
Informasjon om korleis du skriv ein jobbsøknad
Gode tips til korleis du førebur deg til jobbintervju
Medieomtale av Læring i Næring
Sjå innslaget på Vestlandsrevyen
Høyr innslag på radio: God morgon Hordaland
Les om prosjektet på nrk.no
Klikk på bedriftene for å finne ledige stillingar:
Kontakt
Prosjektteamet tar imot søknader og fordeler vidare til verksemdene.
Har du spørsmål om Læring i Næring? Ta kontakt med prosjektleiar Vivian Kårbø: 48 29 5902 | vivian@nonl.no
Om prosjektet
Nordhordland Næringslag samarbeider med Jobbmot - kompetansesenter for ungdom og arbeid om prosjektet Læring i Næring. Radøy ungdomsskule og Årås ungdomsskule har vore pilotskular. Dette er eit tilbod til motiverte og interesserte 10. klassingar som ønsker seg ein jobb. Arbeidstida på 35 timar er lagt til haust- eller vinterferie, eventuelt etter skuletid.
Modellen har fått namnet «Læring i Næring», og er henta frå Næringshagen i Suldal i Ryfylke som har kjørt modellen i 14 år. Målet er at elevane skal få kunnskap om lokalt arbeidsliv, ulike yrkesretningar og jobbmoglegheiter, og at ungdom blir kjent med arbeidslivet sine krav og forventningar.