Vil du arbeide i Heimetenesta, Nordliheimen sjukeheim eller Arbeid og inkludering i Austrheim Kommune?

Vi holder til i nærleiken avkommunesenteret i Austrheim Kommune.

Er du på jakt etter ein meiningsfylt jobb? Hjå oss kan du vere med å gjere ein skilnad, der du vert med å glede og hjelpe andre som treng det. Du vil vere med i eit omsorgsfylt team, der vi har det kjekt og gjer kvarandre god på jobb.

Nordliheimen er sjukeheimen til kommunen. Der bur dei som treng mest tilsyn og hjelp. Vi yter god omsorg til bebuarane, og er opptatt av å gi dei ein god heim.

På Nordliheimen har vi eige kjøkken. I tilknytning til sjukeheimen har vi sansehage med lysthus, som bebuarane kan nytta. Vi er opptatt av å sørgja for god livskvalitet for bebuarane - gjennom å ha aktivitetar både ute og inne.

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim eller i omsorgsbustad. Vi er opptatt av å sørgje for god omsorg og livskvalitet, og at brukarane skal få bu lengst mogeleg heime. Så dersom du vil ha ein arbeidsdag med varierte og kjekke arbeidsoppgåver, få nyttig arbeidserfaring og jobbe saman med flinke folk ber vi deg søke.

I Arbeid og inkludering vil du ivareta personar med nedsett funksjonsevne, og mennesker med ulike samansatte behov. Hjå oss kan du vere med å gjere ein skilnad, der du vert med å glede og hjelpe andre som treng det.

Nordliheimen:

  • Pleie og omsorgsoppgåver på Nordliheimen

  • Kjøkenhjelp ved Nordliheimen

  • Kontaktperson på jobb

Heimetenesta:

  • Pleie og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim

  • Vask av brukaren sin heim

  • Kontaktperson på jobb

Arbeid og inkludering:

  • Brukarretta arbeid knytt til miljøarbeid og heilskapleg omsorg

  • Kontaktperson på jobb

Kontaktperson:
Hege Bergsvik Sætre 40037532, Einingsleiar
Elin Veland Erichsen 98871878, Lærlingkontakt

Søknadsskjema: