Driftsteknikar «Læring i næring»

Lingalaks AS

Frist: 20. September

Ansettelsesform: Midlertidig

Vil du bli ein del av Lingalaks?

I forbindelse med «Læring i næring» søkjer Lingalaks etter engasjerte ungdommer til lokalitetane våre på Radøy. Me har ambisjonar om å satse stort på desse lokalitetane framover, og lyt i den forbindelse supplere bemanninga vår med fleire driftsteknikarar. Ein viktig del av dette vil vere å rekruttere yngre generasjoner til bransjen.

I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.

Du kan lesa meir om korleis me arbeider med berekraftig matproduksjon i berekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.

Viktigaste arbeidsområde:

  • Drift av lokalitet, dvs. kontroll og tilsyn av fisk.

  • Vedlikehald, løpande kontroll og ettersyn av driftsutstyr, anlegg, båtar og bygningar, samt reinhald og fokus på biosikkerheit.

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Strukturert, ryddig og nøyaktig.

  • Kunne arbeide sjølvstendig med enkle arbeidsoppgaver.

  • Har stå-på-vilje, er positiv og likar å arbeide i team.

  • Det er ein stor fordel om ungdommer som kjem til oss er båtvant og har interesse for havbruk. 

  • Aktuelle lokaliteter ein skal jobbe på vil være Toska Sør, Toska Nord og Jibbersholmane.

Lingalaks tilbyr:

  • 100,- timen

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling

  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.

Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks.

Lingalaks skal vera “Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon”.

Sektor: Privat

Antall stillinger: 3

Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund

Bransje: Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore

Stillingsfunksjon: Produksjon

Kontaktperson:
Norvald Oma Jørgenvik, Driftsleiar avd Radøy.
E-post: norvald.jorgenvik@lingalaks.no

Søknadsskjema: