I over 40 år har Gårdbrukerservice Landbruk og Marina AS produsert innreiing, golv og anna i stål til landbruket i heile Noreg, og nesten like lenge har me produsert flytebrygger, landgangar og utriggere til båthavner. I tillegg har me ein del spesialproduksjon, der me produserer stålkonstruksjonar til ulike industriføremål. Me er ei lita familiebedrift med 8 tilsette, der me kjem tett på kvarandre i det daglege. Me heldt til i Bøvågen og oppmøtestad vil vere Radøyvegen 2502.

Me søkjer 2 ungdommar som vil jobbe med oss når skulen har ferie. Arbeidet vil i hovudsak bestå av flikking, klargjering og pakking av varer og halde orden rundt sitt eige arbeid. All den tid me er ei lita bedrift, så må me hjelpe kvarandre der det trengs, slik at det også kan vere anna arbeid ein må utføre.

Det me forventar av våre tilsette: Du må møte presis på jobb og ha god orden.

Du bidreg aktivt til å få jobben gjort, og er det noko du lurar på eller ikkje forstår, så må du tørre og gje beskjed. Du må like variert og fysisk arbeid. Det vert ein del løfting, så litt styrke er greitt å ha. Det tyder absolutt ikkje at dette berre er jobb for sterke gutar, me er 3 damer her som både sveisar og løfter tungt kvar dag.

Mobiltelefonen skal ikkje vere i bruk i arbeidstida, men kan nyttast i pausane.

Om me møter på utfordringar, så prøver me å finne løysing i staden for å berre gje opp og tenkje at det ikkje går. Dette er også ei innstilling me set pris på hjå dei som skal jobbe hjå oss.

Motto: Alt er mogleg å få til, me må berre finne ut korleis.

Dersom du har spørsmål kan du kontakte Lena på tlf 56349500, eller sende ein e-post til lena@gaardbrukerservice.no

Søknadsfrist: 20.september 2024

Dersom du vil sjekke kva type produkt me lagar finn du heimesida vår her:

Landbruk: https://www.gaardbrukerservice.no/

Marina: https://www.gbsmarina.no/

Søknadsskjema: