Strilen søkjer initiativrik og lærevillig 10.-klassing

I meir enn 60 år har Strilen halde lesarane informert om og engasjert i alt det som skjer i Nordhordland og Gulen. Avisa vart starta i 1961. Ho kom først ut kvar fjortande dag, men dette vart etter kvart auka og på slutten av 1970-talet kom avisa ut med tre papirutgåver i veka.  I dag er Strilen.no ei heildigital avis med ferske saker kvar dag i veka, heile året - frå morgon til kveld. Strilen er aktiv på Instagram, Facebook og på TikTok og satser mykje på video. Avisa kjem også ut på papir ein gong i veka.

Om du likar å skrive, ta bilde og lage video, kan du vere den rette til denne elevjobben i Strilen. Vi lagar saker om smått og stort i Nordhordland og Gulen, og vil gjerne ha deg med på laget i haustferien og vinterferien din.  

Vi avtaler arbeidsoppgavene dine nærmare ved oppstart, men vi kan love at du ganske raskt vil få prøve deg som ein heilt ekte journalist.  

For å jobbe hos oss må du kunne ta initiativ, og du må ha ein mobiltelefon som tar gode bilde.  

Vi lovar spennande utfordringar, gode kollegaer og eigen pult og PC i fine lokaler sentralt i Knarvik (Hagellia 4). 

Sjekk oss ut her: 

Strilen.no 

https://www.instagram.com/avisa_strilen/ 

https://www.facebook.com/forlagetstrilen 

https://www.tiktok.com/@avisa_strilen 

Søknadsskjema: