Sjukeheim og heimetenesta i Alver gir helse og omsorgstenester til dei som har behov og rett på helsehjelp. For å gje gode forsvarlege tenester har me tilsette med ulik kompetanse i avdelingane.

På Manger har me sjukeheim/Velferdsenteret, omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning (OMS) og ordinær heimeteneste.

Me søkjer «Læring i næring» til sjukeheim og heildøgnsbemanna bustad på Manger der me ser at dette kan vere eit bidrag til å vere med på å gje bebuarane auka livskvalitet og gode dagar.

Arbeidsoppgåver

  • Tur med brukar/pasient i nærområdet

  • Aktivitetar, for eksempel høgtlesing, steike vaflar

  • Deltaking under måltid

  • Andre enkle praktiske oppgåver som rydding/legge på plass tøy

  • Snakke med brukarar (gode samtalar)

Me ynskjer deg som;

  • Ynskjer å lære meir om helsefag

  • Likar å snakke med andre/er sosiale

Arbeidsplassen vil vere på Manger i omsorgsbustad eller på sjukeheimen/Velferdsenteret (begge er same bygg sentralt på Manger)

Arbeidstid kan vere både på dag/ettermiddag og kveld og kan avtalast med leiar på avdelinga.

Søknadsfrist er 20. september

Kontaktinfo:

Sjukeheim Christina L Fosse
christina.lotveit.fosse@alver.kommune.no

Heimetenesta/omsorgsbustad Benthe F Helland
benthe.fjeldstad.helland@alver.kommune.no

Søknadsskjema: