Tilbake til alle arrangementer

Webinar: Slik forsvarer du bedrifta mot dataangrep

Noreg er eit av verdas mest digitaliserte land, og utviklinga går raskt. Verdiar er lagra digitalt og bedriftene er avhengige av digital infrastruktur.

I nybygg er det meste styrt av ei dataeining. Dersom varmen eller vifteanlegget skal regulerast, eller du skal bestemme kven som får lov til å komme inn døra, må det sendast signal gjennom ei teknologisk og kommersiell verdikjede.

Sjansane for verdiskaping og innovasjon er mange, men det gjer oss også sårbare for digitale angrep. Krisehandtering er sentralt i sikkerheitsstyring, og gjer oss i stand til å handtere uønska hendingar på ein robust og proaktiv måte.

Korleis forsvare bedrifta mot dataangrep?

Saman med HRP inviterer vi til webinar der Carl-Axel Hagen tek oss igjennom kvifor og korleis ein skal tenke sikkerheit på arbeidsplassen på ein ny måte.

Carl-Axel-nett-200x300-1.jpg

Carl-Axel Hagen har lang og brei erfaring frå jobben som sikkerheitsdirektør i Norges Bank og Oljefondet. I dag leier han HRP si avdeling innan sikkerheitsrådgjeving.

Han har bakgrunn frå Forsvaret gjennom 19 år som leiar i hæren. Mellom anna har han vore leiar for sikkerheitsarbeidet i Garden, og med på å byggje sikkerheita rundt kongefamilien.


Arrangementet er eit samarbeid mellom Nordhordland Næringslag, Vest Næringsråd, Bjørnafjorden Næringsråd og HRP.

Footer_1.png


Tidligere arrangement: 22. mars
Arena Nordhordland
Senere arrangement: 28. april
Webinar: Verden og virksomheten i endring