Endeleg samling igjen!
Bransjegruppene for havbruk og industri inviterer til felles samling hjå Skjærgårdsfisk Visningssenter på Marøy fredag 29. oktober.
Hovudtema for samlinga: Finst det synergiar og moglegheiter for samarbeid i denne regionen som styrkjer begge bransjar?
Program:
11.00: Lunsj
11.30: Historien til oppdrettsnæringa og visningssenteret
12.00: Korleis ser oppdrettsnæringa ut i Bergensregionen i dag?
Ny teknologi og scenario for næringa framover
Kristian Botnen, Lingalaks AS
12.30: Industrien i Nordhordland og Gulen – fornying/ny teknologi i lokal industri
Baste Tveito, Nordhordland Næringslag
13.00: Pause
13.15: Utvikling av pumpekonsept – samarbeid mellom Framo og Lingalaks
Terje Ljones, Framo Innovation AS
13.30: Spørsmålsrunde og diskusjon: Finst det synergiar og moglegheiter for samarbeid som kan styrkje begge bransjar?
14.00: Omvising på sjøen om veret tillet det. (Avgrensing på 12 personar om gongen.)
Påmeldingsfristen er gått ut. Ring Hildegunn på 97502171 om du vil delta.
Skjærgårdsfisk Visningssenter ligg ca. 40 min frå Knarvik.
Adresse: Marøyvegen, 5937 Bøvågen.
Foto: Hardanger Akvasenter