Seks parti vil vidareføre samarbeidet i fylkespolitikken dei neste fire åra. Ap, Sp, SV, KrF, Venstre og MDG spenner bogen høgt, men må leggje meir vekt på vedlikehaldet av fylkesvegnettet og utbygging av dei store samferdsleprosjekta.
Saman med Næringsalliansen har vi sendt uttale til Vestland fylkeskommune.
Næringsalliansen Vestland blei stifta i 2008. Alliansen er eit nettverk samansett av 16 næringsforeiningar i Vestland. Saman representerer dei meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar og er ein viktig aktør når det gjeld næringsutvikling i heile fylket.