Næringslivet har vore gjennom tøffe tider, og mange står fortsatt i ein krevjande situasjon. For å styrke lokalt næringsliv har Nordhordland Næringslag si bransjegruppe for handel og service tatt initiativ til ein kampanje for lokal handel. Kampanjen skal gi auka merksemd omkring det å handle lokalt.
Det er mange positive effektar av å handle lokalt:
Vi tar vare på lokale arbeidsplassar
Vi opprettheld eit godt utval av varer og tenester
Lokal handel gir skatteinntekter til kommunen
Lokale bedrifter bidrar til lokalsamfunnet i form av sommarjobbar, sponsormidlar, gevinstar etc.
Bedrifter løftar andre bedrifter ved å bruke lokale leverandørar
Sjå filmane her:
I del 1 av vår filmserie som presenterer mangfaldet i næringslivet vårt og innverknaden det har på lokalsamfunnet får du mellom anna eit nærare møte med ordførar Sara Hamre Sekkingstad, Blomsterverkstaden a/s og dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, vår eigen Baste Tveito.
I del 2 av vår filmserie som presenterer mangfaldet i næringslivet vårt og innverknaden det har på lokalsamfunnet, får du eit nærare møte med Øyvind Myhr, dagleg leiar for Hillesvåg Ullvarefabrikk.
I del 3 av filmserien vår får du sjå korleis bedriftene i lokalsamfunnet vårt samarbeider, nærmare bestemt KG Elektro, Vest Vvs og Byggteam Vest AS.
Film nr 4 og 5 blir lansert 30. april og 7. mai.