Bli med på Noregs største aktivitetskampanje!

Alver er med i Miljøløftet, derfor får alle bedrifter i Alver gratis deltaking i den største aktivitetskampanjen i Noreg - Sykle til jobben-kampanjen, som går av stabelen 20. april-18. juni.   

Sjølv om kampanjen heiter «Sykle til jobben» er det ikkje berre sykkel som vert registrert. I treningsdagboka kan du logge alt frå frisbeegolf og fjelltur til langrenn og styrketrening. Vi heiar på all aktivitet i kvardagen!  

Klikk her for å melde deg på. 

I ei tid med mykje heimekontor, inaktivitet og lite sosial kontakt, er Sykle til jobben eit svært godt tilbod for å betre psykisk og fysisk helse. Det er mogleg å registrere enkeltpersonar eller melde på eit lag frå bedrifta. Kanskje kan de ha ein intern konkurranse? 

Deltakarar kan vinne ei rekkje flotte premiar kvar veke. Klikk her for å sjå kva premiar Bedriftsidretten trekker blant dei påmelde. 

Meir informasjon om sykle til jobben finn du her.