Ordninga med lønskompensasjon er no på plass og NAV treng hjelp frå arbeidsgjevarane for å få utbetalt pengane til dei permitterte.
NAV kan no betale ut både refusjon til arbeidsgjevarar som har forskottert løn og lønskompensasjon til dei permitterte arbeidstakarane som ikkje har fått forskottert løn. Det er arbeidsgjevarane som skal sende inn informasjon via løysinga, arbeidstakar slepp derfor å søke.
Det er viktig at arbeidsgjevarane veit kva dei skal gjere for sikre raskt og riktig utbetaling. Arbeidsgjevarane finn nødvendig informasjon på følgjande side på nav.no:
https://www.nav.no/no/person/arbeid/klar-til-a-betale-ut-lonnskompensasjon
Så snart arbeidsgjevarane har gitt nødvendige opplysningar så vil det ikkje ta meir enn 2-3 dagar før utbetalinga er gjort.
Vi er svært glade for at denne ordninga nå er på plass, seier Inger-Lise Brekke, avdelingsleiar på avd. Arbeidsliv NAV Alver. Det er mange permitterte og bedrifter som har venta lenge og det er viktig å få ut denne informasjonen slik at dei no kan få pengane inn på konto raskt.
Lønskompensasjonen frå NAV gjeld for dag 3-20 brukar er permittert. Den er for permitterte som ikkje har fått forskottert lønn fra arbeidsgjevaren sin, og for arbeidsgjevaren som har forskottert lønn i denne perioden. Ordninga gjeld frå 20. mars 2020 eller seinare. Dei som blei permittert før 20. mars, vert omfatta av tidlegare regelverk til og med 19. mars.
Ny app
Elektronisk ID er nødvendig for å ha tilgang til fleire NAV-tenester. Eksempel på slike tenester er viss ein skal registrere seg som arbeidssøkar og søke om dagpengar. Mange utanlandske statsborgarar har ikkje elektronisk ID med det høgaste sikkerheitsnivået: nivå 4.
Ein ny app skannar passet. Tidlegare måtte ein besøke eit NAV-kontor for å identifisere seg i tilfelle ein mangla elektronisk ID. No kan ein bruke ein app til å skanne passet. Appen heitar Nets Passport Reader. Les meir her