Agenda Vestlandet tildeler 3 millionar kroner til å utvikle nye grønne arbeidsplassar på Mongstad.
Støtta frå Agenda Vestlandet er sjølve fundamentet som gjer det mogeleg å fortsette arbeidet med å skape ny industri i Nordhordland, seier Baste Tveito til Agenda Vestlandet.
Leiar av interimsstyret Widar Salbuvik fortel at Greenspot Mongstad opplever ein auka etterspurnad frå solide norske og internasjonale selskap, som ønskjer å investere i grøn industri på Mongstad.
– Lukkast me kan dette være starten på eit nytt industrieventyr med store dimensjonar – me veit kva det betyr for attraksjonskrafta til Nordhordland, seier Salbuvik.
Agenda Vestlandet er Sparebanken Vest si stifting for å akselerere det grøne skiftet på Vestlandet.