Tilbake til alle arrangementer

Språk til kaffien - Klinkande uklart med Linda Eide

  • Dampen 6 Hagellia Isdalstø, Vestland, 5914 Norway (kart)

Velkomen til Språk til kaffien og foredraget “Klinkande uklart” med Linda Eide!

Dette arrangementet er for alle som jobbar i næringslivet og for språkinteresserte som vil lære meir om næringslivsspråk og korleis vi kan gjere språket vårt tydelegare.

Program

14.00: Velkomen – kaffi og noko å bite i

Introduksjon ved Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk Bedriftsforum
Monika Haanes Waagan ønskjer velkomen og deler tankar og erfaringar om språk og språkval i næringslivet.

14.30: "Klinkande uklart" med Linda Eide. Eit foredrag om klart språk

Godt språk, klar tale. Kvifor går det så ofte gale?

Dette er eit underhaldande foredrag med ein alvorleg undertone. Linda Eide syner fram kva eit klart og tydeleg språk er, og kvifor det er så viktig! Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand og utestenging, irritasjon og apati? 

Her må det språkvaskast i kontor og korridor! Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattermilde og pedagogiske eksempel.

Praktisk informasjon:

Arrangementet er ope for alle og er særleg aktuelt for dei som jobbar med kommunikasjon i næringslivet. Det er gratis deltaking, men grunna avgrensa plassar og bestilling av kaffimat oppmodar vi om påmelding innan 20. oktober.

Arrangør: Nynorsk Bedriftsforum i samarbeid med Nordhordland Næringslag, Nynorskstafetten og Nynorsk Kultursentrum

Tidligere arrangement: 2. oktober
Ledernettverket LINK
Senere arrangement: 13. november
Samling i Tryggare styring