Tilbake til alle arrangementer

Lansering av scenarioanalysen for Vestland

Kven vil overleve, kven vil aldri bli det samme og kven vil vere sterkare enn nokon gong? Eit partnarskap av private og offentlege aktørar peikar på ulike vegar ut av Covid-19. Dette vil du ikkje gå glipp av! 


I over seks månadar har næringslivet i Vestland stått midt i ei krise som er ulik alle andre kriser vi har vore gjennom tidlegare.

  • Kva betyr dette heilt konkret for næringslivet i Vestland?

  • Korleis skal vi vinne fram i konkurransen og ta vår plass i framtidas næringsliv?

  • Og ikkje minst: kva barrierar står i vegen for at vi lukkast?

Vestland fylkeskommune, NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd og Bergen kommune har gått saman om å få utarbeidd ei scenarioanalyse for næringslivet i Vestland. Scenarioanalysen er eit resultat av idé og initiativ frå Nordhordland Næringslag. Analysen er gjort av Ernst & Young i tett samarbeid med partnarane.

Det vil bli framlegging av hovudfunn frå analysen og paneldebatt. Arrangementet vil også bli strømma.

Tidligere arrangement: 28. oktober
Offentlig sektor – mulighetenes marked
Senere arrangement: 27. november
Moglegheitene i fornybar energi