Årsmøtet vert halde 19. april kl 15.00 i Dampen, Knarvik.
Sakliste:
1. Val av to personar til å skrive under årsmøteprotokollen
2. Styret si årsmelding for 2022
3. Revidert rekneskap for 2022
(revisjonsberetning og fullstendighetserklæring)
4. Fastsetting av medlemskontingent for 2023
5. Budsjett for 2023
6. Val i samsvar med vedtektene
· Styreleiar og styremedlemmer
· Valnemnd
· Revisor
7. Orientering om aktuelle saker
Etter årsmøtet får du høre to aktuelle innlegg:
Utfordringar og moglegheiter for næringslivet i Nordhordland
NHO jobbar for at næringslivet på Vestlandet skal ha gode rammer for vidare vekst og utvikling. Kva ser dei på som viktig for Nordhordland – og kva kan vi jobbe saman om?
Sondre Olsen er politisk rådgivar i NHO Vestlandet og bidrar blant anna til at det næringslivet er opptatt av når fram i nyhetsbiletet og til viktige beslutningstakarar. Han har bakgrunn som fylkessekretær for Vestland KrF og politisk rådgivar for fylkestingsgruppa.
E39 Vågsbotn–Klauvaneset – korleis skal vi sikre framdrift og utbygging?
For å sikre påtrykk administrativt og politisk, har Nordhordland Næringslag og Regionrådet Nordhordland inngått avtale om å kjøpe konsulenttenester frå Atle Kvamme. Målsetjinga er å få vedtatt reguleringsplan for Nordhordlandstunnelen og få investeringsvedtak i Stortinget.
Atle Kvamme har blant anna jobba som næringspolitisk sjef og kommunikasjonsdirektør i Bergen Næringsråd, og kjem til årsmøtet for å fortelje meir om arbeidet framover.
ONSDAG 19. april kl 15.00-17.00
Dampen, Hagellia 6, Knarvik
Rundstykker og kaffi frå kl 14.45.