Alver kommune jobbar no med kommuneplanen sin arealdel. Dette betyr at bruk og utvikling av eigedommar i kommunen kan bli påverka. 10. desember inviterer vi til møte der du får informasjon og moglegheit til å påverke.
Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsverktøy. Samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satse på og kva vi må gjere for å kome dit.
Arealdelen består av eit arealplankart, føresegner (bestemmelser) og ei planskildring. Planen seier korleis vi skal utvikle areala våre. Til dømes kor vi skal bygge nye hus, vegar, møteplassar og næring. Arealdelen skal sikre at arealbruken i kommunen bidrar til å bygge opp under mål og strategiar i samfunnsdelen. Kommuneplanen sin arealdel blir vedtatt våren 2025.
Det blir også ei orientering om val av trasé E39/Fv 57.
Frå Alver kommune deltar Ståle Hauge, leiar i utval for areal, plan og miljø.
Dato: 10. desember
Tid: 14.30-16.30
Stad: Nortrans (3. etg), Galteråsen 15
Rundstykker og kaffi frå kl 14.15.