Tilbake til alle arrangementer
Gulen og Masfjorden Utvikling, Klar Bedrift og Nordhordland Næringslag inviterer til ein inspirerande kveld på Skjerjehamn der vi set fokus på leiarskap, roller og kva kompetanse eit styreverv krev.
Målet er ein sosial kveld med tid til både prat, mat og fag. Samlinga er open for alle, enten du har ei leiarrolle, offentleg som privat, sit i eit styre, eller kan tenkje deg ei slik rolle i framtida.
Lina Braanaas Utne (Firda Seafood Group), Ragnhild Undertun (Gulen og Masfjorden Utvikling), Marita Mellingen (Advokatfirmaet Kyrre) og Jannike Hansen (CCB Mongstad) vil dele betraktningar og fag rundt leiarskap, roller og styrearbeid denne kvelden.
20. februar kl 18.00-22.00
Pris: Kr 495,- (inkluderer tapas og eit glas bobler)
Stad: Skjerjehamn