Bedrifter manglar arbeidskraft. Samtidig er det cirka 6000 personar i Nordhordland som står utanfor arbeidslivet. Den beste kandidaten er ofte vanskeleg å finne, men mange kan bli gode nok om dei får sleppe til.
Saman med NAV Nordhordland og Region Nordhordland arrangerer vi morgonmøte 14. november med fokus på korleis du som arbeidsgivar kan rekruttere gjennom å inkludere. Her får du vite meir om kva NAV kan bidra med i form av oppfølging og økonomisk støtte, og vi får eksempel frå bedrifter som har gode erfaringar.
Program:
08.15-08.30: Kaffe og prat
08.30-08.40: Velkommen ved ordførar i Alver Sara H. Sekkingstad
08.40-08.50: Nordhordland Næringslag v/ dagleg leiar Beate S. Korsøen
08.50-09.50: Korleis jobbe med integrering. Gode eksempel frå bedrifter v/ NAV Alver
09.50-10.00: Spørsmål og avslutning
Arr.: NAV, Nordhordland Næringslag og Region Nordhordland IKS