Er du industriarbeidar og ønsker å lære meir om prosjektplanlegging eller dokumentasjon og kommunikasjon? I haust har du ei unik moglegheit til kombinere jobb med studium, og samtidig oppnå 10 studiepoeng her i Nordhordland.
Fagskolen i Hordaland samarbeider med Nordhordland Næringslag om å tilby yrkesretta utdanning til industrien. Studiet er gratis, og alle med fagbrev eller relevant yrkesbakgrunn kan søke. Søknadsfrist er 10. september.
- Det er første gong vi tilbyr modulbasert undervisning til næringslivet i Nordhordland, seier prosjektleiar Adeline Berntsen Landro frå Fagskolen i Hordaland. Fagskolen har lang erfaring med å utdanne fagarbeidarar, og står ansvarleg for undervisninga.
Nordhordland Næringslag og industribedriftene i Nordhordland står bak søknaden som har skaffa midlar til dette studietilbodet.
– Vi ønskjer at tilsette og permitterte i leverandørindustrien skal få heva sin kompetanse, og ved å få studiepoeng i høgare yrkesfagleg utdanning kan dei utdanne seg vidare viss dei ønskjer det, seier Vivian Kårbø i Nordhordland Næringslag.
Gratis studietilbud
Alle med rett bakgrunn kan søke om å delta i bransjeprogrammet. Undervisninga er finansiert av Kompetanse Norge, og er derfor gratis for dei som vil skaffe seg nokre ekstra studiepoeng.
– I første omgang tilbyr vi fire modular, to i haust og to våren 2021. Er det stor interesse kan fagskolen på sikt tilby fleire utdanningar lokalisert i Nordhordland, fortel Adeline Berntsen Landro.
Søknadsfrist 10. september
I midten av september startar undervisning i modulane Teknisk dokumentasjon og kommunikasjon og Prosjektplanlegging, mens til våren blir det undervisning i modulane Produksjonsledelse og Teknisk engelsk for leverandørindustrien.
Opptakskrav
Søkjar må ha svennebrev eller fagbrev frå relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skole. Eventuelt realkompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer Vg1 og V2 i yrkesfaglege studieprogram. Søkjer du på bakgrunn av realkompetanse må du ha fylt 23 år innan det året det vert søkt om studieplass.