Næringslaget og NAV vil ha fleire personar ut i jobb

– I regionen vår er arbeidsløysa no rundt 2 % og dei fleste bedriftene har mykje å gjere. Samtidig er fleire hundre personar under 30 år utan jobbtilbod. No vil me bidra til eit krafttak for å gje desse ein moglegheit, seier Baste Tveito.

Gjennom hausten og vinteren har næringslaget hatt ulike møtepunkt med NAV i Nordhordland, gjennom bransjegruppene og på ein del andre arenaer. Her har vi fått teikna ein situasjon der eit stort tal unge i regionen står utanfor arbeidslivet, og er på ulike stønadar.

– Dette synest me er svært leit. Det handlar om unge folk rundt i bygdene som blir sitjande heime, potensiell arbeidskraft som blir ståande ubrukt, samstundes som bedriftene verkeleg har behov for å rekruttere. Om ein har avbrote vidaregåande, har hól i cv-en eller helseutfordringar som har gjort ting vanskeleg, så treng ikkje det bety at toget har gått.

– Gjennom eit løft for å inkludere fleire inn i jobb, kan me saman ta eit stort ansvar i lokalsamfunna, seier Tveito. Eg ser på dette som ei naturleg forlenging av engasjementet næringslaget og medlemmene har for læreplassar her i regionen, fortset han.

 

På lag med næringslivet

– NAV har gode tilskotsordningar og rutinar for oppfølging av bedrifter og arbeidssøkjarar, fortel marknadskoordinator ved NAV, Anne-Lise Wilkensen. Bedriftene kan lyse ut stillingar på arbeidsplassen.no eller NAV kan leite etter aktuelle kandidatar.

 –Me har fått på plass jobbspesialistar her i regionen, desse skal drive utvida oppfølging av dei under 30 med spesielt behov for støtte, både i jobbsøk og etter dei er komen i jobb.

– I  tillegg er det under etablering eit eige kompetansesenter for ungdom. Samla sett er vi betre rusta til å hjelpe brukarar og arbeidsgivarar, og med næringslaget og bedriftene på banen også, kan vi få til mykje framover, understrekar Wilkensen.

 

Hjelp til bedriftene

Kristian Ryland er jobbspesialist og rådgjevar i Nordhordland. Han har også bransjeansvar for industri og bygg/anlegg, og samarbeider med bransjegruppene i næringslaget.

–Eg reiser mykje rundt på bedriftsbesøk i regionen. I slike møter får eg informasjon om ulike arbeidsoppgåver, bemanningsbehov og kompetanse, og opplever at arbeidsgivarane er med på tanken om å inkludere. Ofte reiser eg frå slike møter med eit oppdrag – ein jobbmoglegheit eller opning for arbeidstrening. Så deler eg dette med kollegaer i NAV, og arbeidsgivar får presentert ei kandidatliste få dagar etter, seier Ryland.  

– Som jobbspesialist er mitt utgangspunkt at alle kan få – og stå – i ein jobb dersom dei får riktig hjelp med jobbsøk og støtte på arbeidsplass. Det er eit stort og naudsynt fokus på fagopplæring og fagbrev i Noreg, men vi erfarer at det er ulike vegar inn i jobb. I mange tilfelle kan ein starte som hjelpearbeidar, og gjennom bedriftsintern opplæring oppnå ein fagleg dugleik med stor verdi for arbeidsgivar, fortset han.

 

Verktøykassa i bruk

Lønstilskot, mentor-tilskot og inkluderingstilskot  er blant verkemidla NAV har for å fremje tilsetting. Sommaren 2022 har NAV også eit eige lønstilskot for arbeidsgivarar som kan ta inn ungdom i sommarjobb.

– Fast jobb er alltid målet når me jobbar med arbeidssøkjarar. Men i praksis er det ofte naudsynt med ein risikoavlastning til arbeidsgivar, der dei får kompensert økonomisk gjennom lønstilskot. Mentor-tilskot kan komme i tillegg, og betyr i praksis at NAV bidreg til å frikjøpe ein erfaren medarbeidar hos bedrifta, som då får tid til å gi forsterka opplæring av kandidaten, seier Ryland.

– For dei av våre deltakarar som har liten eller ingen arbeidserfaring kan arbeidstrening vere aktuelt. I slike tilfelle er det NAV som yter tiltakspenger. Me følgjer opp deltakar og arbeidsgivar undervegs, og forsøker å fremje overgang til lønna arbeid – med eller utan verkemiddel, held han fram.

– Tida er ein faktor, for dette veit vi i NAV: jo lengre tid ein ung person går utan ein arbeidsrelasjon, jo større risiko er det for varig utanforskap. Meir samarbeid med næringslivet vil hjelpe oss å løfte fleire inn i arbeidslivet. Det er vinn-vinn for alle partar, avsluttar Ryland.

Har di bedrift behov for arbeidskraft? Ta kontakt med:

·         Kristian Ryland, kristian.ryland@nav.no , tlf. 405 57 382

·         Sjå også kontaktinformasjon her https://www.nav.no/no/lokalt/vestland/relatert-informasjon/rekruttering-i-nav-vestland

 

På bildet: NAV har eit godt samarbeid med lokale bedrifter, m.a. Frekhaug Vinduet. F.v.: Kristian Ryland, NAV og Øyvind Birkeland, Frekhaug Vinduet.