Forsiden

Sidan hausten 2017 har det vore jobba med ein læreplassgaranti for vg2-elevar frå dei tre vidaregåande skulane Austrheim, Knarvik og Osterøy. Garantien vil gjelde for elevar som startar på vg2 hausten 2019 og som skal ut i lære i 2020.

I Nordhordland har vi desse utdanningsprogramma:

  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Bygg- og anleggsfag
  • Service og samferdsel
  • Teknikk og industriell produksjon

Garantien vil gjelde for alle desse fagområda.

Samarbeidsavtalen som vi ynskjer signatur på frå bedrifter og kommunar inneheld ein del vilkår som eleven må innfri for at garantien kan gjerast gjeldande, sjå vedlegg. Dette er eit stort arbeid å få på plass, difor startar vi arbeidet no.

Dette er ein unik sjanse til å gjere Nordhordlandsregionen unik på kompetanse - vi håper og trur at mange vil vere med på dugnaden!

Slik gjer du det:

  • Skriv ut Samarbeidsavtale læreplassgaranti.pdf
  • Fyll ut lærefag (dersom du tilbyr fleire fag må du sende ein avtale pr fag)
  • Skriv kva minimumskarakter du ynskjer at eleven skal ha i programfaga (valfritt å fylle ut)
  • Skriv kor mange lærlingar du kan ta pr år
  • Skriv namn på di bedrift
  • Signer nedst til venstre
  • Send samarbeidsavtalen i retur til Vivian Kårbø, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 30.november.

Vedlegg:

Samarbeidsavtale læreplassgaranti.pdf