Forsiden

 

Bergensregionen har fått nye nettsider: www.visitBergen.com/regionen. Her finn du det beste regionen kan by på av overnatting, mat og opplevingar. Nettsidene gjer det òg enkelt å finne arrangement utanfor Bergen sentrum. Nordhordlandsregionen har ei eiga side: www.visitBergen.com/regionen/nordhordland 

Betre effekt av marknadsføringa
I 2017 vart prosjektet «Region Bergen» starta opp som eit samarbeid mellom Bergen Reiselivslag, kommunane i Regionrådet i Nordhordland og Gode Sirklar på Sotra og Øygarden. Målsetnaden er å knytte reiselivet i regionen nord og vest for Bergen tettare på Bergen som reisemål. Saman har ein stifta eit nytt destinasjonsselskap for heile Bergensregionen. Slik får ein betre effekt av marknadsføringa enn om ein hadde stått på eigenhand. Med lansering av nye nettsider har ein nådd eitt viktig delmål i prosjektet. I COAST-brosjyren som kom ut før sommaren 2018 vart 11 forslag til turar vist med tekst og kart. Desse vert no digitalisert med utfyllande informasjon på dei regionale nettsidene.

Ny strategi for reiselivet i Bergensregionen

Prosjektet har no hatt aktivitet i eitt år. Vi er glade for at Osterøy og Gulen kommune i løpet av 2018 har gjort vedtak om å delta i prosjektet. Gulen kjem med frå og med 1.1.2019.

I tillegg har Bergen Reiselivslag fått ny reiselivsdirektør. Anders Nyland starta 8. oktober, og han har starta arbeidet med ein ny reiselivsstrategi for heile Bergensregionen. Regionen er òg representert i Bergen Reiselivslag sitt styre, som skal vedta ny strategi. Tom Georg Indrevik, varaordførar i Fjell kommune, er regionen sin representant i styret for inneverande periode.

Det blir med jevne mellomrom arrangert nettverksmøte for reiselivsbedrifter i regionen. Ønskjer du meir informasjon om vidare planar, ta kontakt med Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..