Forsiden

 

 

24. januar kl. 19.30–21.00

Åsatun Lagshus, Forvasshaugen 6 på Nyborg

(innkjørsel mellom Gullgruven og Bertel O. Steen)

 

 

Informasjon fra Statens Vegvesen:

 

Statens vegvesen ønskjer å starte planarbeid med kommunedelplan og konsekvensutgreiing (KU) for strekninga E16 Arna–Vågsbotn og E39 Vågsbotn–Klauvaneset.No skal forslag til planprogram sendast over til Bergen kommune for vidare handsaming.

 

I samband med dette inviterer Statens vegvesen i samarbeid med Bergen kommune til eit ope folkemøte den 24. januar 2019 kl. 19.30–21.00.

NB! Ny møtestad er Åsatun Lagshus, Forvasshaugen 6 på Nyborg.

 

Som første fase i dette planarbeidet er det utarbeida eit forslag til planprogram som skal fastsetje kva for traséalternativ som skal utgreiast. Vidare set planprogrammet krav til kva som skal utgreiast for å få fram dei tekniske-, miljømessige- og samfunnsmessige konsekvensane for kvart traséalternativ. Planprogrammet skal godkjennast av Bergen kommune som er planmynde.

Føremålet med møtet blir å gi informasjon og svare på spørsmål frå bebuarar og andre i området som vil vite meir om vegprosjektet og planarbeidet.

 

Det vil bli arrangert nye folkemøte når forslag til planprogram blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.