Forsiden

 

Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest og Nordhordland Utviklingsselskap IKS inviterer til Kva no-møte 4. februar kl 13.00-15.30.

 

Nordhordlandsregionen har mange suksessrike bedrifter og dyktige kompetansemiljø, men også utfordringar når det gjeld næringsattraktivitet og bustadetablering. Korleis sikrar vi at regionen er attraktiv og konkurransedyktig for næringsliv og innbyggjarar?

 

Mo i Rana har hatt tilsvarande utfordringar. I dag er Mo Industripark eit av dei største industrimiljøa i Norge, og blir ofte løfta fram som eit vellukka døme på berekraftig, framtidsretta industri. Adm. dir. Arve Ulriksen kjem frå Mo i Rana for å fortelje om korleis dei har fått dette til.

 

Skipavika er eitt av flaggskipa våre som seglar i medvind for tida. Sjå ikkje vekk frå at det blir presentert nokre spennande nyheiter denne dagen!

 

moindpark

 

PROGRAM:

 

Næringsattraktivitet og kompetansebehov i Nordhordlandsregionen

Irene K. Wergeland, Gulen og Masfjorden Næringsråd

Kari Elida Eriksen, Universitetet i Bergen

Baste Tveito, Nordhordland Næringslag

 

Skipavika – nye moglegheiter

Lars Hellandsjø, dagleg leiar i Skipavika Terminal AS

 

Kva har andre gjort for å lukkast?

Arve Ulriksen, adm. dir. i Mo Industripark

 

Korleis møter vi framtida i Nordhordland?

Panelsamtale med lokale politikarar og næringsliv

Leia av Eirik Langeland Fjeld, redaktør i Strilen og Bygdanytt

 

 

Måndag 4. februar kl 13.00-15.30

Knarren, Knarvik vgs

 

Individuell påmelding

Vennligst fyll ut skjemaet under for å melde deg på til Nye utfordringar - kva no?.

 

 

Foto: Skipavika Terminal /Mo Industripark